Velkommen til Havet og Nybø-band sine sider HAVET er plateprosjektet til gruppa Nybø Band frå Værlandet i Sunnfjord.Vi har eksistert sidan 1986. Då var besetningen: Per-Vidar Nybø, gitar og sang Terje Nybø, keyboards, kor Janne Nybø, vokal, kassegitar Solveig (Vesla) Nybø, sang
Alle er sysken. Seinare vart det berre Janne, Per-Vidar og Terje som var med. Vi fekk fort mange spelejobbar og hadde to Norsktopp-plasseringar, ”I needed you” på 4. plass og ”Love will lead us through” på 11 plass. Songane var soulprega og innspelte i Sigma Studio, Bergen, med Erling Lund som produsent.Vi er framleis aktive i gruppa og har jamn fornying av repertoaret, som for det meste er pop og rock med både klassikarar og nytt materiale. Vi har variert musikk til å danse til, med ei blanding av eige låtmateriale og cover-versjonar. Det vert naturleg nok mest coverlåtar på dansejobbane. Sommaren 1999 ga vi ut CD-en HAVET og har fått svært positive reaksjonar på den, (sjå eigen link). Låten ”Havet” kom også på Norsktoppen, på 5. plass, og låg lenge på 1. plass på fylkestoppen i Sogn og Fjordane. |